måndag 15. desember 2008

Snorkling/dykking:)

Shokran!! Ein av dei fyrste dagane i Dahab tok vi turen til ein liten beduin-landsby som låg på austkysten på Sinaihalvøya. Vi vart henta på hotellet av nokre flotte jeeps! Dei køyrde oss til "the blue hole". Derifrå gjekk vi langs med sjøen inn i ørkenen i eit par timar. Med oss på turen hadde vi ein kamel som bar bagasjen, og ein som bar Karoline. (haha) Vel framme møtte vi synet av mange primitive hytter samla ved strankanten. Der blei vi ønska velkomen av dei innfødte, som bydde oss på velsmakande beduinte, før vi hoppa i Raudehavet. Under vasskanten blei vi møtt av eit fantastisk syn, av fargesprakande fiskar og korallar av alle slag. Det var som å dykke i ein gullfiskbolle. Store kontrastar frå det gråe ørkenlandskapet over vatnet. Etter endt snorkleøkt, blei vi ønskt velkomen til (kanskje turens beste?) lunsj av dei gjestfrie innbyggjarane.
Dykkinga gjorde vi dagen etterpå, og det ble mykje av det same synet som møtte oss under vatnet men ei ganske anna oppleving då vi erstatta snorkelen med surstoff..
. og enkelte av oss (vegard) hadde litt vanskar med å stole på innretninga:D kjempeoppleving!!!

Ingen kommentarer: