onsdag 19. november 2008

Egypt neste!

Hei igjen alle sammen :) No er vi snart komt i mål med planlegginga av turen, så det er berre pakkinga som gjenstår før vi set kursen mot Egypt! Hotellet vi skal bo på ligg i Dahab, og heiter Penguin Village som dokke ser på bildet. 
Vi har mykje å glede oss til i dagane som kjem. I egypt skal vi bl. a. prøve å dykke i rødehavet, ri på kamel i ørkenen, ligge på stranda å sole oss, trene, sjå pyramidne og soloppgangen frå Sinaifjellet og mykje meir. Alt ligg til rette for ein fantastisk tur med heile Adventuregjengen! Vi skal vere der i heile to veker, så det blir forhåpentlegvis mange og gode opplvingar vi får med oss i bagasjen heim til Hurdal. Temperaturen ligg på 26-27 grader på dagtid, og ca. 20 grader om natta, så det blir deilig! Her i Hurdal ligg temperaturen ca. på null grader, og vi pakkar oss inn i boblejakker, huer og skjerf! Medan resten av elevane på skulen forbereder seg på vinter og julekonsert, ligg vi på stranda og slappar av! kanskje får vi tid til litt julegåvehandling også?:) 5. desember set vi kursen imot Norge igjen, og vi hoppar rett inn i adventstida! Det er snart jul folkens:D

Ingen kommentarer: