måndag 27. oktober 2008

ja, nå har vi vært på vår første tur! ITALIA- milano- torino... kjempegøy:) nå skal vi fortelle om en hendelse. ikke hele turen! en hendelse..
Siste dagen var vi på champions league-kamp:D Inter milan VS. Anorthosis! På San Siro stadion i Milano. Etter litt styr og hendelse for å kome fram til stadion som låg i utkanten av byen, enda vi til slutt utanfor den gigantiske bygninga. Store mengder med folk på alle kantar, og massevis av liv overalt. Utifrå det som stod på billetten vart vi ikkje heilt kloke på kva for ein inngang vi skulle bruke( i og med at alt stod på italiensk ), så det enda med at nokre gjekk både opp og ned fleirfoldige trapper for å finne dei rette plassane. Stadionen tek ikkje mindre enn 80 000 menneske, så det var ikkje berre og berre å finne fram. Når vi til slutt endeleg var samla igjen, var det tid for å ta nokre bilder, gjere seg orientert på kvar som var toalett og kiosk, før kampen begynte ca. kl. 20.
Kampen var så som så ! Ein veldig gøy opplevelse, og mykje liv.. Nokre gode sjangsar til begge lag, men relativt målfattig. Inter Milan hadde styringa heile kampen, og dei vann fortjent 1 - 0 etter ei scoring rett før pause.
Vi var alle klare over at med ein gong kampen var ferdig måtte vi vere ganske raske å kome oss på trikken tilbake til sentrum. Med ein gong dommaren blåste av vart vi spreidde for alle vindar, nokre tok det meir med ro enn andre. Kampen var ferdig kvart på 11, og siste metroen frå sentrum til hotellet skulle gå kl. halv 12. Det seier seg sjølv at vi hadde dårleg tid, men utruleg nok klarte vi å samle heile klassa på stasjonen 5 min før metroen gjekk.
Det som var gøy med det heile var at vi ikkje hadde bestilt hotell for natta, så vi satsa på å rekke siste bussen til flyplassen som gjekk kl. halv 12. Det vart eit stress utan like etter vi hoppa av metroen. Folk hadde sett frå seg bagasjen på ulike hotell i nærheita av buss stasjonen, så nokre sprang rett til bussen for å prøve å halde den igjen, imens resten henta bagasjen. Dei som sprang etter bussen fekk sjå den køyre rett framfor dei.. Så da bagasjen kom til sin rette eigar var det allereie for seint. Det enda med kveldsmat på McDonalds saman med skuffa Anorthosis fans, før det blei henging utanfor togstasjonen fram til neste buss gjekk til flyplassen kl. 04.00. Lang natt, men ein kjekk opplevelse!

Ingen kommentarer: